Halifax

Article in other languages:

Halifax rundt 1920

Halifax er hovudstad i provinsen Nova Scotia i Canada. Folketalet var i 2006 282 924, noko som gjer byen til den 14. mest folkerike i Canada[1].

Den første europeiske busetjinga i Halifax kom i 1749. Området var opphavleg folkesett av Mi'kmaq-folket. Dei kalla området Jipugtug, som betyr den store hamna. I 1917 blei Halifax øydelagt i den største menneskeskapte eksplosjonen før Hiroshima-bomba. Dette skjedde då det franske skipet Mont-Blanc, som var lasta med eksplosiver, kolliderte med det norske skipet Imo, lasta med naudhjelpsutstyr. Mont-Blanc tok fyr i samanstøyten, og lasta eksploderte.

Byen er ein viktig hamneby og baserer økonomien på fiske og import. Under andre verdskrigen var Halifax eit knutepunkt i den allierte konvoitrafikken. I Halifax er det fem universitet: Dalhousie, Saint Mary's, University of King's. College, Mount Saint Vincent, og Nova Scotia College of Art and Design (NSCAD).

Dei fleste omkomne frå skipet Titanic blei gravlagt i Halifax.

Bakgrunn

Den offisielle heimesida til Halifax

Kjelder

Denne artikkelen er basert på artikkelen på bokmålswikipediaen per 22.06.07, men omarbeidd etter det.

Questions for article:

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.


IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.