|
Article in other languages: |
Eit ion er eit atom eller molekyl som har elektrisk ladning. Ion med motsette ladningar tiltrekk kvarandre og kan danna ionebindingar. Danninga av ion blir kalla ionisering. Ei samling ion som ikkje er i løysing, eller ein gass med eit visst tal ladde partiklar, blir kalla plasma. Dette blir sett på som den fjerde aggregattilstanden fordi han oppfører seg svært ullikt frå andre gassar, væsker eller faste stoff.
Typar av ionI eit nøytralt atom er talet på proton og elektron likt. Dersom eit ion har fleire proton enn elektron har det positiv ladning og er eit kation. Dersom det har fleire elektron enn proton er ladninga negativ og ionet er eit anion. Ion kan lagast av eit einskildatom (til dømes klorid, Cl-) eller av fleire saman som samansette ion. For ion danna av eitt atom, er ioneradiusen til anion større enn atomradiusen til grunnstoffet. Ioneradiusen til kation er mindre enn atomradiusen. Formlar for ionI kjemien uttrykker ein ladninga til ion ved hjelp av eit heva pluss- eller minsuteikn etter formelen for ionet, med eit tal framfor dersom ladninga er større enn ein. Det enkle hydrogenionet skriv ein då som H+, medan sulfat blir skrive SO32-. Biologisk tydingIon er viktige for alt liv. Til dømes har ion av natrium, kalsium og kalium fleire oppgåver i cellene, særleg i cellemembranen. Plantar tek opp mineral i ioneform. Ettersom dei må bruka energi for å flytta dei elektrisk lada partiklane inn i rota, har dei ei rekke ionepumper der kation dei treng blir bytta mot positive hydrogenion medan anion blir betalte med negative hydroksidion. Ettersom plantar som regel tek opp fleire kation enn anion, vil jorda rundt rotnettet etter ei tid bli forsura. HistorieMichael Faraday var den første som omtalte ion rundt 1830 for å tala om dei delane av molekyl som anten gjekk til ein negativt lada anode eller ein positivt lada katode. Han brukte det greske ordet ἰόν, 'ein som går'. Anion tyder då 'noko som går opp' medan kation tyder 'noko som går ned'. Det var likevel først i 1884 at mekanismane bak det som skjedde i elektrolysen til Faraday blei forklart av Svante Arrhenius i doktoravhandlinga hans. Då teorien hans til sist blei godteken, blei han tildelt Nobelprisen i kjemi for 1903. Kjelder
Questions for article: valence electrons in dihydrogen phosphate ion, bromato niqueloso, clorurum calcium, conductivité de lion cyanate, conductivité ion cyanate, cr3 ion electronic configuration, electronic configuration of ions magnesium nitride, electronic configuration of manganyl ion, electrons in ammonium ion, electrons lost in k to form ion, etymology polyatomic |
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.