|
Article in other languages:
|
Praha
HistorieByen vart grunnlagd på slutten av 800-talet og vart raskt sete for kongane av Böhmen. Nokre av desse kongane var òg keisarar av det tysk-romerske riket. Byen blomstra under Karl IV si regjeringstid på 1300-talet. Mellom anna voks bydelen Nové Město fram i denne tida. Elles kan nemnast Karlsbrua, St. Vitus-katedralen - den eldste gotiske katedralen i Sentraleuropa. Karlsuniversitetet er det eldste universitetet nord for Alpane. På denne tida var Praha Europas tredje største by. Med Böhmen kom byen under Habsburgarane og Austerrike-Ungarn. Dei fire uavhengige kommunane som tidlegare utgjorde Praha, vart slegne saman til ein by i 1784. Desse fire var Hradčany, (slottsdistriktet, vest og nord for slottet), Malá Strana (den mindre byen, sør for slottet), Staré Město (gamlebyen, på austsida av elva) og Nové Město (den nye byen, lenger sør og aust). Byen voks vidare med annekteringa av Josefov i 1850 og Vyšehrad i 1883, og i byrjinga av 1922 vart 37 kommunar innlemma i byen. Slik auka innbyggjartalet til 676 000. Byen hadde òg etter at Böhmen vart avstått etter fyrste verdskrig ein stor del tysktalande innbyggjarar. Mange jødar, mellom anna Franz Kafka), budde i byen. Mange av jødane tala tysk, og det var eit rikt kulturliv. Mestedelen av dei 50 000 jødane døydde i Holocaust under andre verdskrig, noko som også i stor grad førde til slutten på det tyske preget på byen. I august 2002 opplevde byen ei alvorleg oversvømming der delar av byen måtte evakuerast. Flaumen gjorde store skadar, men lukkelegvis vart ingen viktige landemerke øydelagde. Verdt å sjåMellom turistattraksjonar kan nemnast:
KulturPraha er tradisjonelt eit kulturelt senter med mange teater, operahus, konserthus, galleri og musikklubbar. Høgskular og universitetI tillegg til Karlsuniversitetet har byen sju andre universitet og høgskular, inkludert Det Tsjekkiske Tekniske Universitetet grunnlagd i 1707. Film kan studerast ved FAMU, den tsjekkiske filmhøgskulen frå 1950-talet. TransportOffentleg transport i Praha vert utgjort av tre undergrunnsliner i tillegg til ei mengd trikkeliner og bussliner. Utanfor byen ligg Ruzyně International Airport, som er hovudflyplass for flyselskapet ČSA Czech Airlines. YmsePraha er òg sete for dei fleste viktige kontor og institusjonar i Tsjekkia, inkludert presidenten, regjeringa og parlamentet. Folketalssutvikling
Noter:
Sjå ògBakgrunnsstoff
Questions for article: astronominis laikrodis, astronominis laikrodis orloj, プラハ vanalinn, bubenec hostel, die waage der baleks text, hostel bubenec, hostel dejvice, hostel střížkov praha 9, hostel suchdol-praha, hotel praha - nebušice, hotely |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.