|
Article in other languages:
|
Russisk er eit av dei indo-europeiske språka, på den slaviske språkgreina saman med mellom andre polsk, ukrainsk, tsjekkisk, slovakisk, bulgarsk, slovensk og serbo-kroatisk. I lag med ukrainsk og kviterussisk utgjer russisk dei tre austslaviske språka. Russisk er det mest utbreidde slaviske språket. Nyare overslag for russisktalande varierer mellom 145 og 160 millionar menneske.
UtbreiingRussisk språk blir skrive med kyrilliske bokstavar, og blir tala i Russland og av etniske russarar og andre russiskspråklege (ukrainarar, kviterussarar, polakkar, jødar, tatarar og andre som nyttar russisk) i andre tidlegare delar av Sovjetunionen og/eller Tsar-Russland. Tilhøva i grannelanda Kviterussland og i Ukraina er serskild forvite å fylgja med på sidan ukrainsk, kviterussisk og russisk er nærskylde aust-slaviske grannespråk med mykje felles historie. I Kviterussland er russisk det dominerande språket, òg mellom etniske kviterussarar. Ukraina har russisktalande i heile landet, men færrast i vestre og eit tyngdepunkt i austre helvta av landet. Her er det òg flest etniske russarar. Alt i alt skal Ukraina ha 17,3 % etniske russarar, og mellom 29,6 % og 43-46 % russiskspråklege (sjå om russisk språk på russisk wikipedia.) I tillegg til Russland har russisk òg offisiell status i Kviterussland, Kasakhstan, Kirgisistan, den autonome republikken Krim i Ukraina og i den ikkje godkjende utbrytarrepublikken Transnistria i Moldova. Russisk er eit av dei seks offisielle språka i Dei sameinte nasjonane (SN). Om russisk skal få offisiell status er eit splittande spørsmål i ukrainsk politikk. Sameleis i Latvia (med 41 % russiskspråklege). I Noreg blir det undervist i russisk som andre framandspråk på eit fåtal vidaregåande skular. Universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim og høgskulen i Finnmark underviser i russisk språk. DialektarI den europeiske delen av Russland finst det tre store regionale dialektgrupper: nord-, mellom- og sørrussisk. Desse regionale gruppene kan så vidare delast inn i meir lokale dialektar. I høve til dei store avstandane i Russland er det etter måten mindre variasjon enn i mange andre europeiske land, men nokre dialektar er likevel så forskjellige at det er vanskelig å forstå einannan. NordrussiskNordrussisk kan avgrensast av ei nordaustleg linje frå Ladogasjøen via Novgorod og Jaroslavl til Josjkar-Ola. Denne dialekten har ein klar uttale og ustemt «o» (оканье – okanje), guttural «g» og ein hard «t». Dei nordrussiske dialektane kan grovt klassifiserast etter geografisk område: MellomrussiskMellomrussisk vert tala i eit område som ligg mekkom Sankt-Petersburg, Novgorod, Jaroslavl og Tsjeboksary i nord, til Velikije Luki, Moskva og Penza i sør. Men det er ikkje skarpe grenser og dette området er farga både av nord- og sørrussisk. I vest finn ein ustemt «o». Mellomrussisk vert ofte delt i fyljande geografiske dialektar:
SørrussiskSørrussisk vert tala i områda sør for Velikije Luki, Rjazan og Tambov. Her vert ustemt «o» uttala som «a», dei har frikativ-«g» og blaut «t». Sørrussisk vert delt i dei geografiske dialektane: KjelderBibliografi
Sjå òg
Questions for article: |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.